Opslagstavlen [http://kjukken.dk/forum]
Opslagstavlen [http://kjukken.dk/forum/viewboard.php?BoardID=1]
Haugesund Avis: Ein god gammal Kim! (Norge) [http://kjukken.dk/forum/viewtopic.php?TopicID=3913]
[http://kjukken.dk/forum/viewtopic.php?TopicID=3913#1029347]

Sørland 
Nov 22, 2006 Kl. 12:04 AM
Haugesund Avis: Ein god gammal Kim! (Norge)



Ein god gammal Kim

Sitt 20. album er Kim Larsen ute med no. Sitt sjette på like mange år med bandet Kjukken. Og ikkje minst, det er bra!

Her lokalt har me ein kar ved namn Matti Røssland. Ein framifrå musikar og tekstforfattar. Når fyrstesporet "Fru Fortuna" set i gong, er det nesten som å høyra husnesingen, berre at det kjem på dansk. Musikken er veldig lik, og lyrikken også flott.

"Hør nu her min venn, hvis at lykken den var for alle og ein kvar, så var der ikke plads til tårer mere".

Tekstane er kvardagslege og tek for seg den store og litle kjærleiken. Han balanserer ofte på grensa til det banale, men det fungerer.

Musikken varierer frå blues til viser til meir rocka låtar som i nemnde "Fru Fortuna" og den drivande "Speedy". På slutten av plata roar Larsen det ned, og du får flotte viser som blant anna "Stille i verden".

Er det noko å trekkja? Det er nokre uinteressante låtar, som det nesten alltid er på eit album. Bluesen han prøver seg på er ikkje særleg vellykka. At han syng på dansk blir litt feil å halda i mot han, men det er noko som er vanskeleg å venda seg til. Men for kvar gong du set på plata på nytt, så blir ho betre og betre og låtane festar seg i staden for å prella av.


http://www.h-avis.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20061121/KULTURMUSIKK/111210011/1007/KULTURMUSIKK




Besøgende siden 2002
 
tForum version b0.94.2.3 (© 2003 tForumDevTeam)